Om oss

SKU vart oppretta i mars 2020. Selskapet sitt føremål er å utvikle, eige, kjøpe og selje eigedomar ved aksjekjøp og aksjesal eller på annan måte.

Dei første åra var all aktivitet i SKU i hovudsak rundt regulering av næringstomtene på Sørstokken ved Stord flyplass og i Grunnavågen i Sagvåg .

I mars 2025 vart selskapet styrka ved tilsetting av dagleg leiar og aktiviteten i SKU er no meir marknadsretta i tillegg til effektivisering av drifta i dotterselskapet SKE.

Selskapet er eit heileigd kommunalt aksjeselskap med Stord kommune som aksjonær. Selskapet sitt styre har 5 medlemmer:

Styreleder: Bjarte Salomonsen
Nestleder: Lene Pilskog
Styremedlem: Olav Linga, Ane Ottesen, Bernt Vinsnesbakk

SKU sitt dotterselskap Stord kommunale eigedomsselskap (SKE) driftar tre bygg eigd av Stord kommune.